De skal føle tryggheit på å motta eit korrekt regnskap, der regler og lover blir tatt vare på, på best mogleg måte for di bedrift. Kvalitet er viktig hos oss, så vi vil alltid arbeide for å oppretthalde ein gjennomgåande høg kvalitet.
Vi set på fagleg kompetanse og verktøy for å yte best mogleg service. I lønnsoppdrag er det naturleg at også feriepengar, forskotsskatt, arbeidsgjevaravgift, fråværsstatistikk og offentlege statistikkar vert teken hand om.
Vi bistår gjerne med fakturering! Kredittsalg krev gode rutinar for både fakturering og oppfølging for å sikre god likviditet. Dette hjelp vi til med å få på plass.
Om det gjeld analyse og styring av tal, styrearbeid eller spørsmål og oppgåver innan HR og løn, har vi den kompetansen de treng for å få oversyn og hjelp til gjennomføring av oppgåvene.
Eit budsjett er ein plan over dei økonomiske forventingane eit føretak har for framtida. Dette er eit av dei viktigaste økonomiske styringsverktøya eit føretak har i tillegg til regnskapet.
Årsregnskap gir oversyn og nyttig informasjon om årets økonomi og gjer greie for situasjonen til bedrifta. Brukaren av informasjonen skal kunne ta gode beslutningar basert på denne regnskapet.
Vi leverer rekneskapstenester til alle type næringar som jordbruk, skogbruk og andre sjølvstendige næringsdrivande. Vi tilbyr ellers tjenester innanfor dei fleste bedriftsøkonomiske område som rekneskap, løn, fakturering, budsjettering og årsoppgjer. Regelverket innanfor rekneskap, skatt og avgift, lønn og andre gode i arbeidsforhold mv. er under stadig endring. Vi held oss kontinuerleg oppdatert på regelverket og dei endringane som skjer.
Vi er eit autorisert rekneskapskontor med høg kompetanse innan dei fleste bedriftsøkonomiske område som rekneskap, lønn, fakturering, budsjettering og årsoppgjør. Vi bistår små og mellomstore føretak, og organisasjonar med rekneskap og økonomisk rådgivning dagleg. For oss er det viktig at alle kundar føler seg godt ivareteken i ei hyggeleg atmosfære.
Basert på brei røynsle og fagleg bakgrunn leverer vi tenester av fagleg høg kvalitet til konkurransedyktige prisar. Gjennom mange år som rekneskapsmedarbeiderar har våre ansatte tileigna seg høg kompetanse innan dei ulike fagområda. Vi fokuserer stadig på å følgja med i den teknologiske utviklinga i bransjen, og kan tilby gode løysingar for deg og føretaket ditt.
Måla våre er å kvalitetssikre tenestene våre slik at du kan konsentrera deg om kjerneverksemda di. Oppgåva vår er å konsultere, rå til, åtvare, informere og oppretthalde føretaket si bokføring i skjønnaste orden.